Saturday, October 27, 2007


PÅ BESØK HOS ALICE

Vett at det er kjempe lenge sidan eg har skreve sist, men det er pga eg ikkje har greid det.
Men eg har ikkje vilt møje å skriva så eg skrive om Alice, søsterå mi.

Eg har våre hos Alice for ikkje så lenge sidan. Ho ønskte meg velkommen på togstasjonen i Kristiand og eg fekk ein klem ikkje ein veldig kjærlige klem men det pleie det aldri vera. Eller jo forresten sist gong når eg skulle komme til Alice kom ho bort å gav meg ein klem og den klemmen vil eg aldrig gløyme . Eg tenkte eg ikkje skulle klemma ho så lenge for då synst ho det blir litt for mykje av det gode så eg prøvde å sleppa taket men ho holdt rundt meg enno og ho ville ikkje sleppa taket, det var veldig søtt så kjærlige har ho aldrig våre før. Men nok om det nå kom eg litt ut av det. Ho ønskte meg jaffal velkommen så gjekk me opp til huset der lagde me til litt brød mat. Seinare tok me bussen ned til byen for å handla til kvelden der nede traff me på Linn og Børge, kjæresten til Linn dei gjorde seg klar for ein lang tur til Trondheim men det var ikkje før til natta heldigvis.

Neste dag vakna eg av at regne dunka på ruta, men det hindra ikkje oss i å gå ut å handla.
Før me tok turen ned til byen åt me frokost.
Så tok me på kleda våre å gjekk ned til byen spreke som me var nede i byen handla eg jakke, bukse og genser og Alice handla bukse og genser. Så det mangla jo kun ein ting til då for at dagen skulle vera super og det var mat fra "Kjøkkenet" (kaffe) den maten tok me me heim å dekka bordet med stearinlys.

Litt seinare begynne me å bli svoltne og gjekk ned til butikken for å handla ingridiensene til focacciabrød å kylling. Ein rett som Alice bestemte for eg skulle få bestemma Søndag som var den siste dagen hos Alice denne hausten. Imens me vanta på maten spela me kortskalle.
Når maten var ferdig var me hol svolte for maten tok lengar tid en venta. Så maten smakte ekstra godt då.

Siste dagen sto me opp i halv 11 tida ca og så tok me ein lang runde i byen der oppserverte me mangen ting som til dømes to mannfolk som ikkje hadde noko å snakka om. Dei gjekk fram og tilbake i "parken". Og det einaste eg høyrte dei sa mens dei gjekk i "parken" var... "Neida så" akkurat som dagblade reklamen.

Etter denne lange turen tok me det litt me ro før me bgynnte å laga Pizza, Det tok ikkje lange tida før pizzaen var ferdig, me blei veldig fornøgd me pizzaen vår den var utruleg god me er nok jaffal norges beste kokker.

Me brukte litt lang tid til og la maten synke før me gjekk ned til toget så me sprang nesten ned for å rekkja toget. Me kom bare eit lite min før toget skulle gå men toget blei vist ein halv time forsinka så me hadde vist ikkje trunge og sprunge.

Det var min lille fortellinga om då eg var på besøk hos søstera mi Alice.

3 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Høres ut som du har hatt det kjekt :D (Lykke till med videre blogging) Vizronze (I)

9:05 AM  
Blogger VERDENS BESTE said...

Takk

11:24 AM  
Blogger VERDENS BESTE said...

This comment has been removed by the author.

6:44 AM  

Post a Comment

<< Home